Skrivestova/Writers nest . Lita koseleg hytte i det grøne
Maks. 3 personer - Størrelse 16 m2 - 1 soveromOvernatting, Gård, Mini camping, Miljøvennlig, Familievennlig
Beskrivelse av overnattingssted
Koseleg minihus med lita dobbeltseng, 140x200, og to ekstra madrassar i tilfelle det trengs. Det er to rom i huset, og komposttoalett ute, men under same tak, så ein kan gå på sokkelesten. Det er ei mengd bøker i hyllene, for regndagar eller kalde kveldar. Det er muleg å lage mat i hytta, på komfyr frå 50-talet Det er kjøleskåp og frysar. Utanføre hytta er det ein utevask, der ein kan vaske opp og hente vatn. Berre kaldt vatn. Det er ein liten lun og solrik terasse med bålfat rett utanføre inngangsdøra. Ved til fyringar får du gratis. Leiger du denne hytta får du fri bruk av kano. Det finst flytevestar i alle storleikar, også nokre få til hund (små og medium)og du kan låne fiskeutstyr. Det er ewi lite dobbelseng i hytta, og to madrassar. Det vert trongt med 4, om dei ikkje er mindre born. Men det meste er muleg å få til.
Overnattingstype
Fasiliteter
Sikkerhetsfasiliteter
Røykvarsler
Førstehjelpsskrin
Ingen sikkerhetsboks
Karbonmonoksid detektor
Brannslukningsapparat
Om stedet
Fasiliteter på stedet
Omgivelser
Aktiviteter i nærheten
Landskapet
Hemmelig tips
Lag mat av produkt frå garden. egg, kjøtvarer, sytetøy, honning, og elles dei grønsakene/bæra det er sesong for. Kano, vestar og fiskeutstyr er med i leiga om du leiger hytte eller lavvo. Dyra på garden, kyr, sauer og høner, kan verte dine nye vener! Bli med på sopptur, med eigen guide! Vil du prøve kjensla av å vere dei einaste menneska i verda? Kom til Gripen! Elbil-lading på parkeringa. Lag maten på gamaldags vedkomfyr! Og du kan hogge veden sjølv. ;-) Sjekk Gripen gard på Instagram: https://www.instagram.com/gripen.gard/ Og heimeside: https://gripengard.no/
Regler og annen informasjon
Regler for booking
- Innsjekking
Avtalt tid - Utsjekking
Avtalt tid - Avreise tillatt den
Mandag til Søndag - Avreise tillatt den
Mandag til Søndag
Regler på stedet
Arrangementer eller fester tillatt
Kjæledyr tillatt
Ikke tilgjengelig for rullestolbrukere
Hundar må vere i band då me har frittgåande høns og beitedyr. Støvlar ol må reingjerast før de kjem, om de kjem frå ein annan gard. :-) Vis respekt for alle dyra på garden, store og små. Alle grinder må lukkast skikkeleg KVAR gong ein går gjennom dei. Kyr på feil plass kan lage mykje styr! Reglar for naturreservatet må respekterast i Gripakletten naturreservat. Men fortvil ikkje, det er mykje skog her der du kan vere mykje friare. Ikkje kveldsbråk ved hyttene, nokon vil kanskje ha det stille... Ikkje oppsøk dyra inne på beitet, utan å høyre med bonden først. :-)
Lokasjon
Frekhaug, NorgeMøt Helene Olli Sollid
Verten din 4.9Bonde og altmuligoter. Gründer. Dedikert sauebonde og ull-entusiast. Sertifisert tilbydar av Norsk økoturisme. Dediosertifisert gardsdrift. Workafrolic!