Intercom
Share listing

Spektakulær overnatting i skogen - The Forge

Glamping · 2 Gjester
Smia (The Forge) er ei arkitektteikna soveromshytte plassert i berget, med store glasflater skore inn i steinen frå golv til tak. Steinen om istida ein gang la att på garden, er ein del av rommet, og gir ein rustikk og heilt spesiell atmosfære. Golvet er i betong med behageleg varme, og frå den store senga ser ein ut på stjernehimmelen – og av og til nordlyset. Ute, skjerma av skogen, står eit badekar der ein kan ligge i varmt vatn og høyre stilla rundt seg. Smia kan nyttast året rundt og gir ei glampingoppleving med høg komfort.

Namnet kjem frå ei gamal smie som ein gong stod her på garden Lofnes. Spor etter smedarbeidet er framleis synleg, og gammalt handverk møter moderne arkitektur på ein naturleg måte. Frå Smia går ein ei kort trapp ned gjennom eplehagen til ei privat leilegheit. Der gir store glasflater utsikt til fjorden og fjella. Om vinteren kan ein sitje ved omnen og høyre vinden ute. Badet er moderne, kjøkenet er godt utstyrt, og ute har gjestane eigen plass med sittegruppe og bålpanne – alt med utsikt. Det er lagt vekt på gjennomførte detaljar både innandørs og ute.

Rundt garden er naturen tett på. Hornelen reiser seg på andre sida av fjorden, og er synleg nesten uansett kvar ein går. Turstiar startar like ved, og Hornelen sitt startpunkt ligg berre nokre minutt unna med bil. Det er også kort veg til stadar som Grotlesanden, Vetvika, Ålfotbreen landskapsvernområde og Kalvåg. Området har mykje kulturhistorie, blant anna helleristningfeltet Vingen, der guida turar tek ein tilbake i tid.

Det er enkelt å kome til Lofnes. Hurtigbåt frå Bergen stoppar i bygda, og vi kan køyre deg vidare frå kaien. For dei som kjem med bil er det gratis parkering og tilgang til elbilladar.
Se mer
GiftKjøp et gavekort
Grill
Brettspill
Matlaging fasiliteter
Dyne og pute
Strøm
EV-lader
Bålplass
Gratis parkering
Kjøleskap
Jacuzzi
Laundry by StoneHubKlesvask
4G dekning
Ovn
Parkering
Piknikbord
Stikkontakt
Offentlig transport i nærheten
Shower by StoneHubDusj(er)
Servise og bestikk
Toiletpaper by StoneHubToalett(er)
Søppelkasser
Varmtvann
Wifi by StoneHubWifi
  • Fridge by StoneHubFelles kjøkken
  • Varmtvann
  • Bed by StoneHubSengetøy/tepper
  • Hengekøyer
  • Heating by StoneHubOppvarming
  • Towels by StoneHubHåndklær
  • Kettle by Naufal HudallahVannkoker
  • Bonfire by StoneHubVedovn
  • Frokost inkludert
  • Badestamp
  • Drikkevann
  • Gråvann
  • Playground by Stepan VoevodinLekeplass
  • Swimmingpool by StoneHubSvømmebasseng
  • Restaurant by Alice DesignRestaurant
  • Shop by StoneHubMatbutikk
  • Badstu
  • Gårdsprodukter
  • 24/7 Surveillance
  • Tørrtoalett
  • Dusj(er) med mynter
  • Svart vann drenering
  • Gapahuk
  • Bakeri
Vis alle fasiliteter
Grill
Brettspill
Matlaging fasiliteter
Dyne og pute
Strøm
EV-lader
Bålplass
Gratis parkering
Kjøleskap
Jacuzzi
Laundry by StoneHubKlesvask
4G dekning
Ovn
Parkering
Piknikbord
Stikkontakt
Offentlig transport i nærheten
Shower by StoneHubDusj(er)
Servise og bestikk
Toiletpaper by StoneHubToalett(er)
Søppelkasser
Varmtvann
Wifi by StoneHubWifi
  • Fridge by StoneHubFelles kjøkken
  • Varmtvann
  • Bed by StoneHubSengetøy/tepper
  • Hengekøyer
  • Heating by StoneHubOppvarming
  • Towels by StoneHubHåndklær
  • Kettle by Naufal HudallahVannkoker
  • Bonfire by StoneHubVedovn
  • Frokost inkludert
  • Badestamp
  • Drikkevann
  • Gråvann
  • Playground by Stepan VoevodinLekeplass
  • Swimmingpool by StoneHubSvømmebasseng
  • Restaurant by Alice DesignRestaurant
  • Shop by StoneHubMatbutikk
  • Badstu
  • Gårdsprodukter
  • 24/7 Surveillance
  • Tørrtoalett
  • Dusj(er) med mynter
  • Svart vann drenering
  • Gapahuk
  • Bakeri
Se mindre
Innsjekking: 15:00
Utsjekking: 11:00

Min. Netter: 1 Dag

Avbestillingsregler: Fleksibel

Kjæledyrvennlig: Nei

G

Din vert
Gunnhild Eide L.

2 731 NOK Gj.snitt pris

inkl. avgifter