Campanyon und Owayy fusionieren🎉
Share listing
Save listing
1/51
Nydeleg fjordutsikt i 1800tals hus, økologisk gard & bakeri
Sofortige Buchung
Hütte · 6 Gäste

About this place

Autentisk, varm og i pakt med naturen

Slapp av og sov på økologiske og handlaga Sleep on Nature madrasser frå COCOMAT og høyr sildringen frå Aarvik-elven som renner gjennom gardstunet og bruset frå Bjørnafjorden. Finn roen og kom til deg sjølv i det lune og koselige trehuset Gamlastovo som de har heilt for dykk sjølv i det vesle klyngetunet på småbruket vårt her ved fjorden. Her kan du nyte den vakre utsikten utover fjorden med ein god kopp te ved vindauget eller spasere ein tur langs med kystlinjen ned til naustet.

Lån robåten, kanoen, eller ta ein forfriskende dukkert i sjøen før frukost med nybakt surdeigsbrød og ein espresso frå gardens økologiske bakeri og kafè

Vakre Gamlastovo og Løo frå 1800 talet restaureres vinteren 2024 og åpner Mai 2024. Sjå www.fruaarvik.no for meir informasjon.

INFORMASJON OM AARVIK KLYNGETUN 
Aarvik gard har bygninger datert tilbake til 1700 talet og 1800 talet med den eldste; røykstovo med jorde i taket og mest sannsynleg er smio også frå den tida eller eldre.

Tunet er omringa av bakkar som me slår kvar sommar og har ein nydeleg beliggenhet heilt nede ved sjøen. Her er ein steinstrand og fleire fine plassar der ein kan hoppe ut i sjøen og bade. 

Vårfloren er eit lite hus til dyrene oppe på stølen vår som dyra våre beitar på, her er nydeleg å gå på tur og nyte utsikten over Bjørnefjorden på toppen. Turen tar ca. 20min frå gardstunet. Det er også gammal slåttemark og naturbeitemark i området overfor garden.

I løo helde me på å bygge eit nytt økologisk bakeri som står ferdig i slutten av mai. Bakeriet held åpent torsdag-søndag i skuleferien. Sjå gjerne på heimesida vår aarvikgard.no

Gardsbruket har eksistert sidan før 1500 talet og vart overteken av våre forfedre på slutten av 1700talet. Tunet består av 13 bygningar, hvorav 4 står i ein klynge med to stover med mykje handlaga og vakkert handskore/dekorerte møbler som våre forfedre har laga m.m. og skykkjo. Eldhuset står eit lite stykke frå klyngetunet. Den gamle smio står plassert utanfor klyngetunet. Smålhuset er også plassert eit lite stykke frå klyngetunet mot sjøen. Ellers står det restar etter fleire gardsmøller oppover i Årvik-elvo. Nede ved sjøen der elven løper ut (Mjølhålo) er det ein gammal sjøbu og naust i grindverk, ein verkstad og saghus. Slik at her er det mogleg å reise tilbake i tid og sjå litt om korleis folk hadde det før i tida.
Weitere Informationen

Ausstattung

Bed by StoneHubBettlaken/Decken
Heating by StoneHubHeizung
Barbecue by Jorge MallGrillmöglichkeit
Fridge by StoneHubKüche
Shower by StoneHubDusche
Toiletpaper by StoneHubToilette
Towels by StoneHubHandtücher
Warmes Wasser
Bonfire by StoneHubHolzofen
Bäckerei
Barbecue
Trinkwasser
Strom
Produkte vom Bauernhof
Feuerstelle
Kostenlose Parkplätze
Shower by StoneHubDusche(n)
Toiletpaper by StoneHubToiletten
Mülltonnen
Warmes Wasser

Not Included

  • Fridge by StoneHubGeteilte Küche
  • Hängematten
  • Kettle by Naufal HudallahWasserkocher
  • Breakfast included
  • Wilderness bath
  • Wifi by StoneHubWLAN
  • Laundry by StoneHubWaschmaschinen
  • Abwassersystem
  • Picknicktisch
  • Playground by Stepan VoevodinSpielplatz
  • Swimmingpool by StoneHubSwimmingpool
  • Restaurant by Alice DesignRestaurant
  • Shop by StoneHubEinkaufsmöglichkeit
  • Sauna
  • Überwachung rund um die Uhr
  • Trockentoilette
  • Shower(s) with coins
  • 4G-Internet
  • Black water drainage
  • Shelter
  • Whirlpool
Alle Einrichtungen zeigen

Details

Check-in: 15:00
Check-out: 11:00

Mindestbuchung: 2 Tage

Cancellation policy: Flexibel

Hosted by Ranita Styve Aarvik

Bonde, bakar, dyrkar og glad i folk, der har de meg! Eg er ein person som er over gjennomsnittet oppteken av god og ordentlig mat laga på skikkelige råvarer! Det er nok ein av grunnane til at eg starta opp eit eige økologisk bakeri i 2019. Det var mykje idealisme som ligger bak det me helde på med på garden, samstundes som eg er veldig glad for å få besøk i bakeriet og på garden. Me håper å skape eit levande gardsbruk med plass til alle som ynskjer å besøke oss!

Standort

4091 NOK
Durchschnittspreis pro Nacht
Verfügbarkeit überprüfen